Ryfjord dame/herregenser. Eit resultat av samarbeid mellom Øye Saueplantasje i Ryfylke (Ry) og Nordfjordull i Nordfjord (fjord). Garnet er Rygja av rygjasauen i
Rogaland, og Maja av gammalnorskspæl i Nordfjord.
Strikka i dobbelt garn. Eit enkelt mønster i glattstrikk, men fin effekt ved bruk av to fargar samtidig.
Både Rygja og Maja er spunne hos Selbu Spinneri i Klæbu. 315m/100g. Strikk med enkel tråd: pinne nr. 2,5 og 3. Strikk med dobbel tråd: pinne nr. 5 og 6. Strikkefasthet pinne nr. 6 og glattstrikk tofarga: 16 m x 23 omg. = 10 x 10 cm.
Str. | Overvidde | Heil lengde | Arm lengde |
M | 104 cm | 60 cm | 49 cm |
L | 116 cm | 70 cm | 53 cm |
Ved fargevalg: spettane på bærestykket er "lus". Eks. herregenser på bildet: grå botn, naturkvit lus.
Ein har og valg mellom rullekrage i halsen, eller vanleg vrangbord. Beskrivelse i mønsterheftet.
Stell av ullplagg: anbefalt å vaske før bruk. Seinare: lufting på ein fuktig dag, eller "snøbad". Legg plagget i snøen, dekk med snø. Rist godt og tørk flatt etterpå. Om det må vaskast: ullvaskeprogram på maskin med ullsåpe, strekk i fasong, tørk flatt. Ullplagg vil alltid nuppe. Ta bort nuppane med ei lita saks, eller kjøp ein nuppefjernar.