Ullstoff
Ullstoff vevd på to norske veveri: Sjølingstad Uldvarefabrik i Mandal, og Krivi Vev på Tingvoll, Nordmøre.
Sjølingstad er del av Vest-Agder-museet, ein levande museumsfabrikk der all bearbeiding av ulla foregår på gamle maskiner. Våre stoff frå Sjølingstad har ull frå England/Shetland i renning, ull frå Nordfjord Ull sine Gammalnorskspælsau i innslag.
Krivi Vev har som spesialitet å veve med naturlige fiber; ull, silke, lin,mohair og bomull. Våre stoff frå Krivi Vev har ull frå Norsk kvit sau i renning, ull frå Nordfjord Ull sine Gammalnorskspælsau i innslag.
Selbu Spinneri i Klæbu spinner ulla frå Nordfjord Ull sine dyr.