Lammeskinn
Lammeskinn av eigne dyr i ulike naturfargar. Dyra er klipte 3-4 veker før levering til Nortura i Førde. Skinna er difor korthåra, ullengde opptil ca. 5 cm. Fargane i ulla viser godt, ulla er mjuk og god å ta på. Alle skinna har dei naturlege fargane, lyse skinn er ikkje bleika. Lys brune skinn kan vere solbleika, (gulaktige) i tuppane.
Alle skinna er garva hos Granberg Garveri i Ølen, og kan om nødvendig vaskast. Vaskeanvisning frå garveriet ligg ved skinnet.