Sjøvott Johannes. Dame/herrevott i maskinstrikk. Garnet i vottane er tilsvarande Maja totråds ullgarn, tilpassa maskinstrikk.
Vottane finst i ein fargekombinasjon; naturkvit med grå mansjett.
Mål på votten; bredde i handflata 11cm (22 cm vidde), lengde 26 cm. Vottane kan tovast for hand dersom du vil ha dei mindre. Dei vil òg tove litt når dei blir våte/brukte.
Fram til gummihanskar kom i handelen, var sjøvottane uunnværlege for alle som dreiv fiske langs kysten. Dei vart strikka store for å kunne tove godt og bli tette. Dei skulle verne både mot kulde og fiskeredskap. Inspirasjon til desse vottane fann eg i naustet her heime. Eit par vottar som ikkje eingong var par. Dei har mest truleg vore besten Johannes sine. Han reiste på Lofotfiske når han var ung. Så difor har eg kalt mine "sjøvottar" for Johannes.