Dame/herregenser med motiv av Kannesteinen, ein fjellformasjon som står i Oppedal på Vågsøya.
Mønsteret er utarbeidd av Ingun Haukedal, og strikka i Laika 2tråds ullgarn frå Nordfjordull. Garnet er 70 % gammalnorskspælull frå eigne sauer, og 30% crossbreed. Dvs. ull frå vanleg kvit sau, rygja, grå trønder, alt etter fargen på spælulla.
LAIKA: 100g 200m
Strikkefasthet på pinne nr 3,5: 22 masker x 28 omgangar er 10 x10 cm. Strikk prøvelapp!
Overvidde | Heil lengde | Lengde underarm | |
Str. S | 94 cm | 59 cm | 46 cm |
Str. M | 102 cm | 65 cm | 48 cm |
Str. L | 113 cm | 70 cm | 49 cm |
Plagget kan vaskast i maskin på ullvaskeprogram med ullsåpe. Unngå skyllemiddel, og tørk flatt. Ullplagg vil alltid nuppe. Bruk ei lita saks eller nuppefjernar og ta bort nuppane. Plagget blir som nytt!