KLASSISK VEST, til kvardag og fest!
Damevest strikka i Rygja-garn, 100% norsk ull. 100 g/315m. Strikkepinnar nr. 2,5 0g 3. Mønsteret er designa for @oyesaueplantasje av Nordfjordull. Flettene gjer at vesten er tøyelig. Vask på ullvaskprogram med ullsåpe. Strekk plagget i fasong og tørk flatt.
Rygjasauen er den gamle lokale sauerasen i Rogaland. Det er ein bevaringsverdig rase. Sauene som er opphav til dette garnet bur på garden Øye, Randøy i Ryfylke. Ulla til Rygjasauen er mjuk og glansfull, alle sauene er kvite. Også denne ulla er vaska, karda og spunne hos Selbu Spinneri i Klæbu.
Alternativt garn er Maja, 100% norsk ull, 100g/315m. Ein har då fleire fargar å velje mellom.
Måltabell
| |
Overvidde |
Heil lengde |
|
| Str. S |
86 cm |
52 cm |
|
| Str. M |
90 cm |
56 cm |
|
| Str. L |
98 cm |
59 cm |
|
Vesten er litt liten i str., men mønsteret er tøyelig.