Handlekurv


Handlekurven er tom

0,-

0

Selje Kloster Genser

På lager: 37

2.500,-

Genser med motiv av Selja Kloster som det såg ut ca. 1867. Mønsteret er laga etter ei tegning av den tysk/norske målaren og arkitekten Franz Wilhelm Schiertz. Melanie Broder i AtelierOE i London har utforma mønsteret ilag med Julia Krøner Venø i Venøgård KUNST og Inger Falkevik i Nordfjordull.

Gensaren er strikka i Maja 2 tråds ullgarn, 315 m/100 g. Pinne nr. 2,5 og 3.

Garnet er frå Inger sine sauer av rasen Gammalnorskspælsau, og er spunne hos Selbu Spinneri, Klæbu.

Stell av ullplagg: lufting på ein fuktig dag eller "snøbad": legg plagget i snøen, dekk med snø, rist godt og tørk flatt etterpå. Om det må vaskast: ullvaskeprogram på maskin med ullsåpe, strekk i fasong, tørk flatt. Ullplagg vil alltid nuppe. Ta bort nuppane med ei lita saks, eller kjøp ein nuppefjernar.

 

 

 

STORLEIK LITEN (S) MEDIUM (M) STOR (L)
Overvidde 98 cm 108 cm 116 cm
Heil lengde 73 cm 74 cm 74 cm
Ermelengde inkl. vrangbord og halskant 75 cm 76 cm 77 cm
Lengde u/arm 52 cm 52 cm 52 cm
Overarm vidde 38 cm  42 cm 46 cm