Handlekurv


Handlekurven er tom

0,-

0

STORM, hue med dobbel vrangbord og fuskeflette

På lager: 8

390,-

 

 

Dame/herrehue strikka i LAIKA, 2 tråds ullgarn, 100 % norsk ull, 200 m/100 g. Pinne nr 4. STORM er i 2 variantar: enkel vrangbord og doble fletter, eller dobbel vrangbord og fletter. Sit godt på hovudet. Pasar og godt til barn.

Garnet er frå Inger sine sauer av rasen Gammalnorskspælsau, og er spunne hos Selbu Spinneri, Klæbu.

STORM:  vindstyrke 22-30 m/sek. Vind er luft i bevegelse, vi kan ikkje leve utan luft! Det er så sjølvsagt, vi tenkjer ikkje over det. Men luft og vind pregar oss kvar dag.. Vind er venn eller uvenn, alt etter retning og styrke. Frå nord, sør, aust eller vest.

Tenk berre: Ein solblank sommardag, lufta står stille og dirrar i varmen. Utpå ettermiddagen kjem den etterlengta solgangsbrisen. Herleg!

Så i andre enden av skala`en: Vinterstormen som herjar og piskar. sjøen blir grov og opprørt, vegar stengde av snøfokk. Hueoppskriftene BRIS - KULING - STORM er dedikert vinden, luft i bevegelse....

God tur i vinden!

Stell av ullplagg: anbefalt å vaske før bruk. Seinare: lufting på ein fuktig dag, eller "snøbad". Legg plagget i snøen, dekk med snø. Rist godt og tørk flatt etterpå. Om det må vaskast: ullvaskeprogram på maskin med ullsåpe, strekk i fasong, tørk flatt. Ullplagg vil alltid nuppe. Ta bort nuppane med ei lita saks, eller kjøp ein nuppefjernar. 

 

STORLEIK   MEDIUM   
Omkrets   52-56 cm  
       
       
       
       

                                                                 

 

 

Relaterte produkter

  • Bilde av Laika 2 tråds ullgarn

    Laika 2 tråds ullgarn, 100 % norsk ull. Ulla er vaska, karda og spunne hos Selbu S...

    210,-